Det er enno ei stund til adventstida, men på hotellet  kviler dei ikkje.

Hotelldirektør Mariann Øye-Mork, assistent Anny Bernhoft og resten av dei tilsette er nemleg i full gang med å pynte hotellet til jul.

Det har ikkje skjedd sidan hotellet opna i 1891.

– No er det verkeleg på tide at vi får lage til, for det er ikkje noko finare plass å ha juleselskap enn her, seier Mork.

Isolering

Grunnen til at Union måtte vente til 2011 før dei kunne ringe jula inn, var at det gamle hotellet ikkje har vore tilstrekkeleg isolert. Fram til no har det vore så kaldt i huset at vatnet frys i røra.

I fjor haust skifta eigarane vindauge og fekk isoleringa på plass. Dermed er det no langt betre høve for å ta imot gjestar som ynskjer å ete jula inn, omringa av dei mektige fjella i Norangsdalen.

Garanti

– Kva kan gjestene vente seg når dei kjem på juleselskap her på Øye?

– Vi har lyst til å skape litt anna type fest enn det som er vanleg i Noreg. I staden for masse juleribbe vil vi gå for ein fireretters meny, inspirert av jula. Kokken har allereie stått på kjøkkenet i fleire dagar og laga konfekt, seier Mork.

– Vi kan gå så langt som å seie at vi garanterer julestemning, seier Bernhoft.

– Er dette starten på ein ny tradisjon for hotellet?

– Ja, vi får håpe det. Vi skal ha ei ny utbygging neste vinter, og vi satsar på å tilby juleselskap året etter, seier Mork.

– Positivt for bygda

Det er ikkje til å kome vekk ifrå at Union Øye tek stor plass i bygda på alle måtar. Difor merkast det når hotellet stansar drifta om vinteren.

No når hotellet vert fylt med lys og liv, også i dei kalde månadene, håper leiarane at dei kan skape ei endå meir positiv ramme for bygda i vintermørket.

– Det vert meir aktivitet i bygda, og eg trur det kjem til å verte ei spesiell stemning når snøen legg seg her, seier Bernhoft.

– Vi pratar ofte med folk her, og dei verkar absolutt å vere positive, seier Mork.

Fyrste helga i desember tek faktisk grendelaget initiativ til å samle folket i bygda til selskap, men for dei tilsette byrjar sesongen allereie til helga.

– Då kjem den fyrste bedrifta, og deretter går det slag i slag fram mot jul, seier Bernhoft.

Anny Bernhoft (t.v.) og hotelldirektør Mariann Øye-Mork pyntar til jul på Hotel Union Øye. Foto: Ivar Lid Riise