Den gjennomsnittlege norske avgangseleven hadde i haust 39,9 poeng då den sa takk for seg etter ti år på grunnskulen. Det betyr at gjennomsnittet er betre i Ørsta kommune, når snittet for 2011 ligg på 40,4 poeng her. Også Volda landar denne gong på 40,4 poeng i snitt.
Kvalitetsmåling
Det er heilt nye tal frå Kostra (kommune-stat-rapportering) som no kan gi oss ein peikepinn på ”kor flinke” avgangselevane i dei ulike kommunane var i fjor. Det er standpunktkarakterane til tiandeklassingane som dannar grunnlaget for statistikken som SSB offentleggjer. Poenga vert rekna av snittet frå faga. Dette gjennomsnittet blir gonga med ti.
Rangering med varsemd
Når ein rangerer kommunar i Noreg etter gjennomsnittlege grunnskulepoeng, så må ein samtidig gjere det klart at tala for småkommunar må sjåast på med varsemd.
Det er sjølvsagt lov å gjere stas på Leka kommune i Nord-Trøndelag, som toppar lista med vakre 46,9 poeng, men ein skal vite at det berre var seks tiandeklassingar der i 2011. Det er kanskje betre å understreke Lesja kommune i Oppland, der 26 elevar hadde eit snitt på 46,2. Av kommunar med minst 100 avgangselevar kjem Førde i Sogn og Fjordane best ut, med eit snitt på 43,6.
Lund kommune i Rogaland får tildelt den mindre attraktive sisteplassen i Noreg. Der var det 49 elevar som berre klarde 34,1 i snitt.
Ørsta og Volda rangert
Ørsta og Volda kommunar er rangert eit stykke over midten som nummer 150 på denne landsoversikta (430 kommunar). Ifølgje Kostra var det 133 elevar som var avgangselevar i Ørsta sist haust. I Volda var det 141 tiandeklassingar i fjor.
Det seier seg sjølv at kommunane kan kome svært ulikt ut frå år til år på denne statistikken. Det er jo berre eitt årskull tala gjeld for. Ørsta og Voldas plasseringar til neste år kan sjølvsagt bli ein heilt annan.
Beste poengsum i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal er det Halsa kommune som kjem best ut, med eit snitt på 44,9 (18 elevar). I motsett ende av tabellen kjem Sandøy kommune, som har eit snitt på 38 blank (tolv elevar). Kommunesnittet for heile Møre og Romsdal er 40,4 poeng – akkurat som Ørsta og Volda.
Utviklinga i Ørsta
Utviklinga det siste året må seiast å ha vore svært bra i Ørsta kommune. Det er som nemnt ulike kull frå år til år, og ut frå tala kan ein slå fast at dei siste avgangselevane var ein del betre reint karaktermessig. Snittet var denne gongen to poeng høgare enn året i førevegen. For Volda sin del har utviklinga vist seg frå ei mindre pen side, då poengsnittet har blitt 0,5 poeng lågare enn sist.
I heile Noreg har snittet gått opp 0,1 poeng det siste året, mens det i Møre og Romsdal totalt sett har vore stabile tall.