– Regjeringa bør vurdere å fjerne formueskatten for bedriftene. Det er alt anna enn stimulerande for bedriftseigarar å måtte ta ut utbyte for å dekkje formueskatten.
Dagleg leiar og økonomiansvarleg på trevareverksemda Brødr. Øyehaug i Ørsta, Knut Olav Standal, er noko oppgitt over systemet med formuesskatt. Ikkje minst merkar bedriftene dette i tider med små driftsmarginar og låge overskot, slik møbelbransjen generelt i dag er prega av.
Ein del produsentar tener ikkje pengar i det heile, medan andre tener litt. Men det er snakk om småtteri for dei fleste i ei tid då møbelindustrien har det litt tungt.
Underleverandør
Brødr. Øyehaug, som er underleverandør av delkomponentar til møbelindustrien og rekkverk til trappeprodusentar, hadde i fjor eit overskot på vel 200.000 kroner av ei omsetning på nær 17 millionar kroner, ein auke på godt over millionen.
Årsresultatet inviterer ikkje til jubeltilstandar for dei tilsette og dei 16 aksjonærane. Formueskatten utgjer nemleg fleire hundre tusen kroner for bedrifta.
– Sjølv om ein ikkje driv med overskot, må eigarane likevel betale formuesskatt. Det er naturleg at dei ikkje vil bruke eigne sparepengar til å dekkje dette. Difor vert løysinga ofte å ta ut utbyte for å dekkje kravet frå staten, fortel Standal.
Ikkje stimulerande
Dette meiner han er alt anna enn stimulerande for å oppretthalde industribedriftene.
– Dersom vi ikkje hadde hatt formuesskatt trengde ikkje aksjonærane å ta ut utbyte for å sitje med aksjane. Og bedrifta vart ikkje tappa for pengar. Utan formuesskatt kunne vi i større grad bygt opp maskin- og utstyrspark, fortel bedriftsleiaren.
– Det er positivt for tradisjonsrike Brødr. Øyehaug at bedrifta ikkje har pantelån. Difor kjem det fram ei positiv formue på papiret. Medaljen si bakside er at formuen då må skattleggjast, held bedriftsleiaren fram.
Fleire årsaker
Sjølv om formueskatten bidreg negativt for Brødr. Øyehaug si utvikling, så er ikkje denne skatten åleine med på å skape marginale resultat. 2011 har vore eit utfordrande år for underleverandøren og salet har svinga mykje.
– Hausten har tradisjonelt vore ei god tid for oss, men siste åra har heller ikkje denne perioden vore som før. I dag er det sal på møblar heile året. Vi merkar også importen av lågprismøblar godt, fortel Standal.
Han konstaterer at ingen ting er som før i møbelmarknaden.
– Korleis vurderer du tida framover?
– Vi har ein grei ordrereserve, men vi ser berre ein månad fram i tid. Eg reknar med at vi kjem til å leggje bak oss eit år på line med fjoråret, seier dagleg leiar Knut Olav Standal.