Det er klart etter at samfunnsutvalet i Ørsta kommune har gjeve dispensasjon både for etablering av pumpebrønnar for uttak av grunnvatn på Nordre Vartdal og legging av vassleidningen til Vartdal Plast på Stupeneset.

Føremålet til Vartdal Plast sin søknad er å sikre nok vatn til kjøling under produksjonen. Søknaden frå bedrifta gjeld avklaring av mellombels arealbruk som underlag for ein søknad om løyve til framtidig permanent vassuttak.

Vilkår

Det vert sett fleire vilkår for etableringa av vassforsyninga. Mellom anna at etableringa av sjøleidningen skal leggjast slik at ein unngår konflikt med fiskeplassen nord for Stupeneset. Vidare er det eit vilkår at Bergen Sjøfartsmuseum skal varslast og det skal gjennomførast ei feltundersøking av om det kan vere skipsfunn eller andre marine eller maritime kulturminne i traseen for den planlagde sjøleidningen.

Dersom ein under arbeid i grunnen skulle kome over automatisk freda kulturminne, pliktar ein å stogge arbeidet og varsle fylket for avklaring, heiter det i vedtaket.

Jordbruk

Dei to pumpebrønnane skal plasserast i eit område regulert til jordbruk like sør for Storelva på Nordre Vartdal. Både pumpebrønnane og vassleidningen er planlagt lagt i kanten mellom dyrka mark og vegetasjonsbelte langs elva. Vassleidningen skal gravast ned og leggjast i eit beskyttande røyr til under flomålet. I tillegg må det etablerast tre overvakingsbrønnar.

Sjøleidningen skal leggjast utanom ankringsplassen i Årskogvika og utanom fiskeplass ved Stupeneset.

– I ein prøveperiode som no er omsøkt vil brønnane verte synlege som røyr som står ein meter over bakken. Om det vert gjeve permanent løyve til vassuttak vil det vere aktuelt å setje eit lite bygg over brønnane, seier avdelingssjef Gunnar Wangen i kommunen.

Lodd

I sjøen vil vassleidningen verta sikra med 80 kg lodd for kvar fjerde meter. Ingen deler av vassleidningen vil vere synleg og hovudstrekket vil liggje på kring 100 meter djupne.

Det vert i søknaden oppgitt at flaum ikkje utgjer noko problem for brønnane.

– Derimot kan gjødsling av tilgrensande dyrka mark vere eit problem i høve planlagd bruk av vatnet. Arealet er regulert til jordbruk. Denne problemstillinga er ikkje nærare utgreidd i søknaden og det ligg heller ikkje føre fråsegn frå landbrukskontoret, seier Wangen.

Føremålet med vassforsyninga er altså vatn til kjøling, og ikkje drikkevatn.

– Ved ein eventuell seinare søknad om permanent løyve må dette temaet vere betre avklara. Eit vedtak om dispensasjon gjev ikkje heimel til å kunne forby slik gjødsling. Vi legg til grunn at søkjar har avtale med grunneigar, slik det er opplyst, seier Wangen.

Fysisk vurderer han ikkje ei etablering av brønnane og ei vassleidning i kanten mellom den dyrka marka og kantvegetasjonen som noko som kjem i konflikt med kvarandre.

Dårleg kapasitet

Det er i kjend problemstilling med manglande kapasitet på vassforsyning på Vartdal. I søknaden vert det oppgitt at bedrifta også har vurdert andre løysingar.

– Vi legg til grunn at det ligg føre ei vesentleg samfunnsmessig interesse i å sikre næringslivet tilstrekkeleg tilgang med prosessvatn. I kva grad det er forsvarleg å ta ut vatn frå det aktuelle området må avklarast gjennom konsesjonssaka etter vassressurslova. Det ligg føre vedtak om at ein bør sjå nærare på vassforsyninga for Vartdal gjennom ei rullering av kommunedelplan for vassforsyning, minner avdelingssjefen om.

Gunnar Wangen meiner primært at søknaden no burde vore avgrensa til å prøve kapasiteten og influensområde til brønnane som underlag for ein vidare søknad. Kommunen har likevel lagt opp til å handsame heile søknaden etter ønskje frå søkjar.

Vartdal Plast