– Vi satsar på byggjestart før jul og at hallen vert ferdig til bruk til skulestart i 2012, seier Håvard Vartdal om det knappe 1.500 kvm store nybygget som er kostnadsrekna til 27 millionar kroner.

Pådrivar

Håvard Vartdal er den store pådrivaren for at fleirbrukshallprosjektet ved Vartdal skule no er fullfinansiert etter at konseptet har vorte utvida i høve opphavlege planar. Hallen er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, bankar, idrettslag, sogelag og næringslivet.

27 millionar

Av totalkostnaden på 27 millionar går altså det lokale næringslivet inn med 5,5 millionar kroner. Måndag vart klarsignalet for bygginga markert, og det var mange glade andlet å sjå rundt det festpynta bordet på Vartdal Plast. Nestoren i bedrifta, Håvard Vartdal, får æra for at fullfinansieringa no er sikra gjennom ei toppfinansieringsgruppe. Håvard Vartdal er overtydd:

– Vi som jobbar i næringslivet veit at dersom vi skal utvikle og drive næringsverksemd, er vi heilt avhengige av at vi har eit godt tilrettelagt bu- og oppvekstmiljø rundt oss. Folk som trivst er den beste ressursen vi har, meiner Vartdal.

Han gjer det klart at det ikkje er nok berre å utvikle arbeidsplassar og næringsverksemd.

– For å lykkast må vi også ta aktivt del i utviklinga av samfunnet rundt oss, reflekterer den suksessfulle bedriftsleiaren.

Nødvendig

Håvard Vartdal meiner den nye fleirbrukshallen er heilt nødvendig for at Vartdal-bygdene skal kunne utvikle seg.

Hallen skal innehalde gode lokale for skulane og Vartdalsstranda vil få ein svært god idrettshall som for idretten vil vere eit stort lyft, seier Vartdal.

Samtidig vil hallen også gje Vartdal eit forsamlingshus som kan brukast til større tilstellingar og arrangement der heile stranda er samla.

Fiskerimuseet har også fått plass i bygget. Vartdal-bygdene har ei lang og rik historie innan fangst og fiske.

– Sogelaget har gjennom tidene gjort ein stor og god jobb med innsamling av gamle fiskereiskapar og annan dokumentasjon som no vert teke vare på for framtida. Då dette er lokalisert i same bygget som skulen,  vil det kome til sin rett og verte nytta, seier Vartdal.

Stolt

Han er stolt over dei som har vore med å bidra med toppfinansieringa av hallen.

– De har sett kor viktig dette prosjektet er. Eg håper og trur at alle som er med på dette skal få resultat av satsinga. Bankar og forsikringsselskap gjennom noverande og framtidige kundar. Vi andre gjennom ei positiv utvikling av bygdene våre, seier Vartdal.

Han meiner at ein ved å stå samla om dette prosjektet også viser dei mange mulegheitene som finst framover.

– Vartdal-bygdene har eit stort utviklingspotensial – også som bu- og vekstområde. Naturen har allereie gjeve oss det aller meste og det viktigaste. Vi ligg i sentrum av ein stor arbeidsmarknad, konstaterer Håvard Vartdal.

Han har ei bøn til politikarane:

– Eg håper inderleg dei ser korleis utviklinga går og grip sjansen til å utvikle desse bygdene som eit godt og sunt bu- og oppvekstområde. For mulegheitene er der!

Aktørar

Desse aktørane har gått inn med midlar til fullfinansiering av fleirbrukshallen: Sparebanken Møre, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Aqua Farms Vartdal, Vartdal Fiskeriselskap ved Knut og Atle Vartdal, AS Granit, Marine Harvest, Vartdal Gjenvinning, Aarseth-reiarlaget ved Aage Aarseth, MC Deler, Bil & Gummiservice, Øye Maskin, Nordea, Møretrygd, IF, Tussa gjennom idrettslaget, idrettslaget på Vartdal, sogelaget på Vartdal og Vartdal Plastindustri.

Toppfinansieringsgruppa arbeider for at endå fleire bedrifter skal bidra med midlar til hallen.

Det var fest på Vartdal Plast då nyhenda om at fleirbrukshallen no kan byggjast vart kjent. Her er det Ludvik Flåskjer i idrettslaget som har ordet. Foto: Roy-Arne Folkestad
Slik skal den nye fleirbrukshallen sjå ut. Målsetjinga er at hallen skal vere ferdig bygt til skulestart neste år. Foto: Arkiv
Gymsalen til høgre på biletet, og korridoren som knyter gymsalen saman med skulen, skal rivast. I staden skal det byggjast ein fleirbrukshall. Foto: Roy-Arne Folkestad
Heile sogelaget står bak lokaliseringa av fiskerimuseet, fortel Ivar Arne Vartdal i laget. Foto: Roy-Arne Folkestad