Saka gjeld oreigning av delar av grunnen til Oddrun Årflot, som i dag er dyrka mark i aktiv drift.

Volda kommune oreigna grunnen til fordel for Åm Eigedom i august i fjor med bakgrunn i eit ønske frå Åm Eigedom om å etablere ein servicehall knytt til eksisterande industriområde.

Kan ikkje påklagast

Vedtaket vart klaga på av Årflot sin advokat Bjørn Kristian Hove, og klaga gjekk til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for handsaming.

– Fylkesmannen ser det slik at det vil vere klare samfunnsmessige interesser som gjer seg gjeldande i denne saka, og desse må vege tyngre enn rettshavaren si interesse i den aktuelle eigedomen, uttalar direktør Helge Mogstad frå fylkesmannen.

Dermed er vilkåra for å kunne oreigne det aktuelle arealet til stades, og fylkesmannen finn difor ikkje grunnlag for å endre kommunen sitt vedtak.

Dette vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.