Og det er nøgde tilsette som har funne seg til rette i dei nye lokala.

– Ja, no har vi alt meir funksjonelt og moderne. At vi no har god takhøgt betyr mykje for oss som også handterer store glasprodukt, og det er endå kjekkare å vere på arbeid, seier Alf-Børre Otterdal som etablerte Glasverkstaden i 1987.

Bedrifta han eig gjennom enkeltmannsføretak er såleis godt innarbeidd i marknaden, og det er ei veldrive bedrift som sidan juni har vore på plass i lokala som Statens vegvesen har vore eigar av, men som no er eigd av Myklebust-familien som står bak Bil & Gummiservice i Hovdebygda. I dette bygget, ved «biltilsynet» , leiger Glasverkstaden kring 450 kvm.

Hovudmarknad

Glasverkstaden opererer både på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, men hovudmarknaden er Ørsta og Volda. Bedrifta leverer og monterer det meste innan glasprodukt til private og bedrifter. Oppdraga handlar mykje om vedlikehald og reparasjonar. Mellom tenestene er bilglassørvis. På bilglasavdelinga utfører dei ruteskift på alle bilmerke, og dei reparerer steinsprutskadar.

Andre arbeidsområde er utskifting av vindauge og dører med glasinnfatning, og montering av aluminiumsdører. Bedrifta, som har fire årsverk, leverer og monterer også ein del glasrekkverk. Ein av dei siste, store leveransane har gått til det nye kulturhuset i Fosnavåg der Glasverkstaden leverte nær 400 meter med glasrekkverk.

– Vi merkar ein tendens til at folk brukar meir pengar på renovering enn for nokre år sidan. Tidlegare bytte vi ofte ut berre sjølve glasa i eldre hus, no vil folk stort sett byte ut også karmane osv, fortel Otterdal. Glasverkstaden spesiallagar alt slag etter ønske.

Glasverkstaden har hatt ei stabil omsetjing på kring fem millionar kroner opp gjennom åra. Bedrifta, som er gjeldfri, har opparbeidd seg faste kundar.

– Vi slepp å marknadsføre oss, og det viser seg at kundane kjem tilbake. Det må vi vel ta som eit teikn på at dei er nøgde.

Otterdal har opplevd vanskar med å få tak i norske handverkarar, og er nøgd med at dei no har ein estisk tilsett.

– Han og dei andre tilsette er svært dyktige, rosar Otterdal.