Hendinga skjedde i bilkøen i Festøya tidleg laurdag kveld.

Ein bilførar i 40-åra, som stod i køen, skal ha vorte irritert over lysbruken til bilen som stod framom vedkomande i køen. Mannen gjekk ut av bilen sin, og skal i følgje politiet ha vist aggressiv verbal åtferd før han knuste ei siderute i bilen med knyttnøven.

Mannen fekk beslaglagt førarkortet etter hendinga.