Dei siste åra har det kome stadig fleire søknader om utsett frist for spreiing av gjødsel om hausten.

Fristen er 1. september på landsbasis, men i Ørsta har han gjennom eiga forskrift vore den 15. september.

Sjølv om fristen i Ørsta har vore seinare enn andre stader, har talet på søknader om utsett frist dei siste åra vore høgt. Dette har medført meirarbeid for landbruksadministrasjonen.

Difor tok landbruksnemnda i oktober i fjor opp saka, og bad om ei utgreiing der utsett frist for gjødselspreiing vart vurdert.

Endrar ikkje

Konklusjonen er at fristen vert uendra, og at det heller vert vurdert andre tiltak. Det er påpeikt at vriding i tilskotsordningane kan medføre mindre behov for gjødselspreiing om hausten.

Vidare står landbruksnemnda fast på at det er fagleg uheldig å gjødsle seinare enn det fristen tilseier på grunn av at næringsopptaket til plantene stagnerer utover hausten.

Landbruksnemnda vil vurdere saka på nytt i 2015.