Ørsta opplever eit hopp i arbeidsløysa det siste året. Samanlikna med utgangen av september i fjor, er det no tretti fleire arbeidslause i Ørsta.

Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken, og arbeidsløysa i Ørsta er dermed høgare enn fylkessnittet. Vanlegvis har Ørsta ei arbeidsløyse under fylkessnittet, som ved utgangen av september var på 2,1 prosent.

Det var 72 menn og 53 kvinner heilt utan arbeid i Ørsta ved månadsskiftet. Det er til saman 125 personar heilt utan arbeid, og det er altså tretti fleire enn i fjor på same tidspunkt, og fire fleire enn for ein månad sidan.

I Volda er arbeidsløysa på 1,6 prosent. Der er det sytten færre ledige enn for ein månad sidan og tre fleire enn på same tidspunkt i fjor. Det er 1,6 prosent heilt utan arbeid i Volda.