Det skriv konstituert leiar plan og utvikling, Arnstein Nupen og avdelingsleiar plan og miljø, Gunnar Wangen, i eit brev til hestesportlaga i Ørsta.

Hestesportlaga har i eit brev til Ørsta kommune kome med krav om at dei gjer om på vedtaket om å regulere til hestesportanlegg på Sporstøylen, og heller regulerer for dette på Daleteigane.

Frå kommunen seier dei at med unntak av eit alternativ på Mele/Melsbygda, er der ingen grunneigarar som har vore positive til å avgi grunn til hestesportanlegg. Dette gjeld også for alternativet på Daleteigane. Dermed vil det vere nødvendig med oreigning for å kunne ta i bruk arealet.

Dei framheld at det har vore ein god demokratisk prosess bak valet av Sporstøylen, og at det ikkje vil vere kurant å endre lokalisering slik hestesportlaga bed om, då det normalt vil vere ei tid mellom kvar rullering av ein så omfattande arealplan.

– Dersom de skulle meine at andre alternative lokaliseringar utanfor området kommunedelplanen dekkjer kan vere aktuelle, kan dette alternativet vurderast i det nær føreståande arbeidet med rullering av kommunedelplanen sin arealdel.