Bedrifta auka omsetninga med tre millionar i 2014 og selde for over tjue millionar. Nyleg kunne dagleg leiar Yngve Dale og resten av mannskapet hans ta på seg findressen for å ta imot prisen som årets leverandør av kjøkkenmerket Fossline. Dale vart best av kring tretti leverandørar i landet. Fleire kriterium vart lagt til grunn for kåringa.
– Det er sjølvsagt tilfredsstillande å få ei slik utmerking, det viser vel at vi har gjort noko rett, og at kundane synest det er ok å handle med oss, kommenterer Yngve Dale.
Bygt opp
Han er son av ein møbelmann, og som far sin har Yngve Dale sakte og sikkert bygt seg opp utan å ta store sjansar, slik ein ekte dalsfjording handlar. Og satsinga gir resultat: fjorårets omsetning er rekord. Og botnlina toler absolutt dagsljos.
– Veldig mykje av æra for at vi gjer det bra skal dei tilsette sjølvsagt ha, både dei som er i butikken og snikkarane. Vi har bygt opp eit sterkt team der vi set kvalitet og sørvis i sentrum – alltid, seier Dale. Han bur i Ørsta, men gløymer ikkje røtene frå heimbygda.
– Eg er stolt av å vere frå Dalsbygda og å vere lokal og ei lengd arm av Brødrene Dale AS, seier han.
Yngve Dale har ti personar på lønningslista. Det er ein raus sjef dei har: I år får dei tilsette ein fin bonus for god innsats.
Montering
Sal og montering av kjøkken har vorte den største aktiviteten i bedrifta, med sal og montering av vindauge som ein god nummer to. Bedrifta har aldri montert så mykje som i 2014.
– Det er slik at når folk brukar mykje pengar på å fornye heimen, så vil dei ha det skikkeleg gjort, og då leiger dei fleste folk for å utføre jobben frå a til å, forklarar Yngve Dale.
Han konstaterer at talet på oppdrag som handlar om totalrenovering av hus auka mykje i året som vi nettopp har lagt bak oss.
I 2015 håper Yngve Dale at dei vil klare å halde fjorårets omsetning i ein marknad som svingar ganske mykje.
– Med dagens lokalitet og lagerplass har vi nok nådd eit mettingspunkt no, vurderer Dale.
No om, vinteren har bedrifta noko ledig kapasitet.
– Så no har folk mulegheita viss dei vil ha gjort noko i heimen rimeleg kjapt, seier Yngve Dale.