– Det datt vel ut i midten av april. Så var det tilbake i eitt eller to døgn i løpet av våren, men datt ut att. Etter det har vi ikkje sett noko til mobildekninga. Vi må setje oss i bilen køyre eit godt stykke for å ringe, seier Jostein Skjåstad. Han bur på Skjåstad, mellom Kalvatn og Bjørke.
Skjåstad har gjort fleire forsøk på å finne ut av problemet.
– Eg har vel vore i kontakt med Telenor 20-30 gonger, utan at dei har funne ut av det. Det var ikkje perfekt før heller. Vi hadde ikkje dekning alle stader innandørs, men no er det heilt ubrukeleg, seier Skjåstad.
Mobildekning er viktig i dalen. Skjåstad er mellom anna vakt på Vågen kraftverk, og rykkjer ut dersom kraftverket stoggar.
– Det har vore episodar der det har gått fleire timar før dei har fått tak i meg fordi dei ikkje har kome gjennom på mobiltelefonen, seier Skjåstad.
Sende ut teknikarar
Møre-Nytt kontakta Telenor om saka denne veka. Pål Lukashaugen, prosjektleiar for dekning, opplyser at Telenor har basestasjonar for 2G-nettet (tale og sms) ved Bjørke og Kalvatn. Han har også vore i kontakt med Jostein Skjåstad denne veka.
– Området mellom desse basestasjonane har varierande dekning. Men slik som kunden skildrar situasjonen, kan det hende det har oppstått feil på ein basestasjon. Vi sender entreprenør til taden for å undersøke om det er tilfelle, seier Lukashaugen.
Svak dekning
Fredag var ikkje resultata av undersøkingane heilt klare.
– Den førebelse analysen stadfestar at mobildekninga er svak hos kunden. Dekninga med den styrken som er indikert her, gir dessverre ikkje ei god kundeoppleving. Ho er også sårbar for ytre variasjonar, eksempelvis refleksjonar og vegetasjon. Endringar i vegetasjonen er ei sannsynleg årsak til at dekninga har vorte dårlegare.
Lukashaugen forklarer at ein eventuell feil på ein av basestasjonane vil bli reparert.
– Men dersom det er andre ting som fører til den dårlege dekninga, er den einaste løysinga å få opp ein ny basestasjon. Det er eit langt meir omfattande tiltak, seier han.