– Etter hamne- og farvasslova kan anløpsavgift berre bli nytta til å dekke kommunen sine kostnader til utøving av offentleg mynde, i tillegg til kostnader for å legge til rette for sikkerheit og framkomst i sjøområda til kommunen. Ein føresetnad for å kunne krevje anløpsavgift, er følgjeleg at kommunen har slike kostnader, og at dette kan bli dokumentert. Høyringa inneheld berre forskriftsforslaget. Dette er ikkje tilstrekkeleg, skriv Nordisk Skibsrederforening på vegner av Hurtigruten, og viser til forvaltningslova sine reglar.

Dei minner om at det i høyringsdokumenta m.a. må ligge føre sjølvkostbudsjett, trafikkprognosar og utrekning av avgiftssatsar og nærare tekstleg skildring av kva kostnader kommunen har tenkt å finansiere med anløpsavgift.

– Etter vårt skjønn vil ei forskrift vedtatt på basis av forslaget som er på høyring, ikkje gi gyldig grunnlag for å krevje anløpsavgift, då kommunen ikkje på lovleg vis har sannsynleggjort faktiske kostnader. Forslaget kan også tolkast slik at kommunen vil bruke anløpsavgifta til å dekke kostnader ved utvikling av kaianlegg. Dette er i så fall ikkje i samsvar med hamnelova, skriv dei.

Dersom dei får tilsendt manglande dokument, vil dei kunne gi eit skikkeleg svar, held dei fram. Dei gjer då merksam på at Hurtigruten i all hovudsak trafikkerer den statlege farleia i Ørsta, og nyttar seg av privat hamn.

– Dei legg difor til grunn at dei heilt eller delvis vert fritekne frå plikt til å betale ei eventuell anløpsavgift, eller at dei vert gitt ein svært låg årspris i tråd med anløpsavgiftsforskrifta.