I Ørstaelva er det både overvaking av oppdrettsfisk, og teljing av gytebestand.

– I haust vart det fiska om lag 100 oppdrettsfisk under prøvefisket. Dette er fiskar på mellom eit halvt og eitt og eit halvt kilo, opplyser Sindre Moe i elveeigarlaget.

I tillegg har det vore drivteljing med dykkarar i regi av Ouro – Opdrettsnæringens samanslutning for utfisking av oppdrettslaks.

– Dykkarar med harpun og tok ut 17 oppdrettslaksar eine gongen og eit par til seinare, opplyser Sindre Moe.

Høgt tal

Det betyr at det er tatt ut om lag 120 oppdrettslaksar frå elva i haust, noko som er eit forholdsvis høgt tal.

– Det ser ut som vi aldri vert kvitt problemet med rømt fisk. Sjølv om dei vi fekk i år ikkje var gytemodne så kan dei bli det om dei står i elva over tid, seier Sindre Moe.

Innan utgangen av november vart det meldt om 10.000 rømte laks på landsbasis, og det låg dermed an til å bli ein år med ein positiv rekord. Andre år har det rømt fleire hundre tusen. Ingen av dei rapporterte rømmingane i 2017 var i vårt distrikt.

– Det er ingen som vil vedkjenne seg rømminga som kan knytast til fisken vi fekk i Ørstaelva. Det var og fiska ein del i fjorden, seier Sindre Moe.

Urapportert rømming?

Fiskeridirektoratet opplyser at dei frå tid til anna får meldingar som kan tyde på urapporterte rømmingar.

– Dette blir meldt inn på grunnlag av observasjonar av antatt rømt fisk utan at ein kjenner kjelda for rømminga. Slike meldingar blir vurdert og følgt opp ved Fiskeridirektoratets regionkontor med sikte på å identifisere kvar fisken kan ha rømt frå, stanse eventuell pågåande rømming og for å vurdere omfanget av hendinga, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Lyspunktet for Ørstaelva er at det har vore bra med villfisk på gyteplassane i haust. Tor Åsen i Ørsta Jeger og Fiskarforeining opplyser at det var knappe 200 laks og 27 sjøaurar på eit referanseområde i Follestaddalselva. I tillegg er det observert mykje gytefisk i Åmdalselva.

– Talet på gytefisk er om lag midt på treet, men vi må vere nøgde. Vi får att for å ha låge kvotar og å stengje elva tidleg. Men det er viktig å halde fram med å kultivere for det er mykje masse som flyttar seg i Follestaddalselva og det kan øydeleggje for den naturlege gytinga, seier Tor Åsen.

I ein av hølane i Follestaddalselva var det rundt 50 gytefisk, og eit yrande liv då Tior Åsen filma med undervasskamera i oktober, rett før gytinga. ( sjå video)

Rømt: Oppdrettslaksen var frå 0,5 til 1,5 kilo. Foto: Ørsta jeger og fiskarforeining