Kveldsmørkret er ikkje noko hinder for friluftsinteresserte, og det har blitt stadig vanlegare å vere ute med hovudlykt.

Tysdag kveld observerte voldingar lys i eit vanskeleg tilgjengeleg område ved Rotsethornet og politiet vart varsla. Politiet skriv på Twitter: "Rotsethornet i Volda. Fleire meldingar om lys i eit ufarbart område i Rotsethornet. Det viser seg at det er tre isklatrarar i Krokfonnjølet. Alt ok med dei".