smp.no.  I tilbakemeldingane som er sendt til leiinga i Helse Møre og Romsdal kjem det fram sterk uro for kva Volda sjukehus blir til i framtida, og ei uro for manglande ambisjonar for sjukehuset.

Volda sjukehus har siste åra levd med usikkerheit om akuttilbodet, og dette har mellom anna resultert i folkeopprop til støtte for sjukehuset.

Kraftige åtvaringar

Både kirurgisk avdeling og medisinsk avdeling ved sjukehuset i Volda kjem med kraftige åtvaringar i sine høyringssvar.

Kirurgisk avdeling skriv at strategidokumenta i helseføretaket dei siste 10 åra har vist eintydig sentralisering.

Denne prosessen må stoppe, om ein skal oppretthalde Volda sjukehus som eit fullverdig sjukehus, vurderer Kirurgisk avdeling i sitt svar.

Ei framskriving av utviklinga går mot ei sikker nedlegging av Volda sjukehus som fullverdig akuttsjukehus.

Sjukehuset på Nordfjordeid mista akuttfunksjonen for nokre år sidan. Fagmiljøa i Volda fryktar den same utviklinga.

Kirurgisk avdeling i Volda meiner at utviklingsplanen for helseføretaket gir inntrykk av at Volda sjukehus skal ha Nordfjordmodellen som mål (utan akuttfunksjon). «Dersom dette er de underliggende føringene for sykehusutviklingen i Møre og Romsdal, er det på tide at dette uttrykkes i planverket. I motsatt fall må en intensjon om å opprettholde Volda sjukehus gjenspeiles i utviklingsplanen» heiter det i uttalen frå kirurgisk avdeling i Volda.

Avdelinga er også sterkt kritiske til at planen heilt manglar vurderingar rundt samfunnstryggleik og beredskap. «Dersom HMR (Helse Møre og Romsdal, red.anm) vurderer det som viktigere å innfri korte tidsfrister framfor å levere god kvalitet på utredningsarbeid, vitner dette om en usunn organisasjonskultur og er ikke egnet til å inngi tillit til videre planarbeid» heiter det vidare i uttalen frå kirurgisk avdeling.

Nei til Ålesund

Også ei samla medisinsk avdeling er uroa for det dei kallar manglande ambisjonar for tilbodet ved Volda sjukehus. Avdelinga skriv i sitt svar at likeverdige tenester til pasientane må løftast fram i Helse Møre og Romsdal.

Vidare heiter det at dei «har vanskar om å støtte opp nye satsingar i Ålesund ...». I uttalen heiter det at sjukehuset i Volda er sterkast råka av investeringsklemma i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga viser til at det er gått 31 år utan ein kvadratmeter utviding for somatikken (fysiske sjukdommar) sin del. «Det hastar med å rette opp eit stort etterslep i høve til medisinteknisk utstyr, arealutfordringar, manglande kliniske støttefunksjonar og manglande stillingsressursar i helseføretaket», heiter det i uttalen om utviklingsplanen som er underteikna avdelingssjef Mona Ryste.

Ryste fortel til Sunnmørsposten at dei skal i møte 16. januar for å diskutere ein annan plan som er under utarbeiding – arealplanen.

– Vi går til dette møtet med eit ope sinn, seier Ryste.

– Volda sjukehus blei bygd i 1986 - på 70-talsfilosofi, seier Odd Frode Aasen til Sunnmørsposten. Han er hovudtillitsvald i Overlegeforeininga.

– Investering i areal har vore svært mangelfull, både under fylkeskommunen og i helseføretaket. Det har vore mykje snakk om alt som skal vere nord for Romsdalsfjorden siste åra. Det er jobben til leiinga å vere tydeleg på kva dei vil med Volda sjukehus i framtida. Problemet er at det ikkje er blitt tenkt på i utviklingsplanen, seier Aasen.

Direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal ønskjer ikkje å kommentere dei enkelte høyringssvara no.

Saka er henta frå Sunnmørsposten. smp.no