I ei fråsegn frå kommunestyret gjer kommunen det klart at dei ønskjer at fylkeskommunen prioriterer Fv. 40 når dei no arbeider med ein rassikringsplan for fylkesvegar.

Kommunestyret viser til fleire møte og orienteringar om situasjonen på vegen rundt Dalsfjorden. Dei minner også om at fylkestinget har gjort samrøystes vedtak der det mellom anna vert peika på den rasutsette strekninga rundt Dalsfjorden som eit viktig prosjekt å prioritere.

– Fylkesvegen er utsett både for snøras og jordras som alt for ofte medfører stenging av vegen og isolering av innbyggjarar og næringsliv. Vi nemner spesielt Marine Harvest sitt store anlegg inst i Dalsfjorden. Volda kommune bed difor om at fylkeskommunen i rassikringsplanen prioriterer Fv. 40 i samsvar med vedtak i fylkestinget, skriv dei.