Det var svært stor auke i saker med partar frå Volda. Statistikken viser førtifem saker i 2017 mot seksten saker i 2016. Det var også auke i talet på saker med partar frå Ørsta. Tjuesju saker i 2017, mot tjueto saker året før.

– Vald, truslar, og seksuelle krenkingar er eksempel på alvorlege og komplekse saker som er representert på statistikken, seier leiar Kjartan Skotte i Konfliktrådet på Sunnmøre.

I Ørsta var det flest saker med vald og skadeverk. I tillegg var partane frå Ørsta representert i saker med truslar, naskeri, nabokonfliktar og økonomiske tvistar. I Volda var det flest saker med vald, brot på vegtrafikklova og tjuveri av motorkøyretøy. I tillegg var saker med innbrot, skadeverk, truslar, mobbing og seksuelle krenkingar representert på statistikken.

– Totalt vart det tilvist 216 saker til konfliktrådet på Sunnmøre i 2017, mot 192 saker året før. Dette svarar til ei saksauke på 13 prosent. Valdssaker utgjorde den største sakskategorien med 61 saker, og 20 prosent av valdssakene omhandla vald i nære relasjonar. Slag, spark, og psykisk vald bak lukka dører var typiske ingrediensar i desse sakene, heiter det i ei pressemelding frå Konfliktrådet.

Det vart tilvist 20 saker med truslar i 2017. Sakene med truslar hadde både godt vaksne partar, og partar som er barn og ungdom.

– Krenkingar er ein annan sakskategori med høg grad av kompleksitet og alvor som er representert på statistikken. Det vart tilvist ti saker med krenkingar i 2017, og halvparten av sakene omhandla seksuelle krenkingar der partane var barn og ungdom. Blotting og deling av nakenbilete på internett var tema i fleire av desse sakene.

I konfliktrådet vert det lagt til rette for at dialog mellom dei involverte i saka kan skje på ein trygg måte.

– Det er frivillig å møte i konfliktrådet, og det blir gjort grundige førebuingar gjennom individuelle samtalar før sjølve meklingsmøtet mellom partane kjem i stand. Mange saker handlar om menneske som har hatt – og framleis har ein relasjon til kvarandre. Konfliktrådet erfarer at mekling og tilrettelagde samtalar kan vere eit godt alternativ til vanleg straffesaksbehandling.

Leiar av Konfliktrådet: Kjartan Skotte. Pressefoto