Landbrukskontoret Ørsta Volda inviterer jegerar og andre som har interesse for jakt og forvaltning i Ørsta og Volda kommunar til viltkveld onsdag 28. februar i Aasentunet. Møtet er ope for alle og utan påmelding.

Det skriv både Ørsta og Volda kommunar på sine heimesider.

På viltkvelden skal Erling Meisingset frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) orientere om utvikling i slaktevekter, hjorteviltregisteret og merkeprosjektet.

Etter ein pause med mat skal Joakim Pettersen frå Jegerbloggen stille spørsmålet om det er potensiale for meir ein hjortejakt i Ørsta og Volda.