Onsdag 22. juni vart det arrangert kranselag og sommarfest med pizza og brus for dei som arbeider med det nye tilbygget til Ørsta ungdomsskule.

Dette melder kommunen på heimesida si.

Kranselag og sommarfest. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

– Prosjektleiar i Ørsta kommune, Jan Vikestrand, ønskte alle velkomne til markeringa. Ordførar Stein Aam tok deretter ordet. Han fortalde m.a. litt om kva prosjekt som er under utføring og utvikling på byggsida i Ørsta kommune. Vidare takka han alle arbeidaranefor framifrå utført arbeid så langt, skriv kommunen.

Prosjektleiar Terje Melseth i entreprenøren Hent AS takka for oppdraget og fortalde kva det betydde for dei å få bygge for Ørsta kommune.

– Han poengtere at det er eit godt samarbeid med alle involverte partar i prosjektet, skriv kommunen.

Kranselag. Foto: Ingvild Marie Taraldset, Ørsta kommune

Deretter tok assisterande kommunedirektør Eldar Rune Øye ordet. Han takka for samarbeidet med Hent AS og arbeidet prosjektgruppa i Ørsta kommune gjer.

Til slutt vart dei ei synfaring rundt om i bygget for dei inviterte gjestane.

Arbeidet med utviding av ungdomsskulen starta i byrjinga av november i fjor. Arbeidet skal etter planen vere ferdig i november i år.

Dette vil gi 1855 nye kvadratmeter med inneareal til ungdomsskulen.