Eventyraren Lars Monsen skal halde føredrag under Næringskonferansen Søre Sunnmøre på Ørsta kulturhus 26. mars 2015. Det melder konferansen på Facebook-sida si.

Monsen er kjent for fleire TV-program og bøker om eventyra sine, mellom anna «Canada på tvers» (8.252 km over to år og sju månader), Noreg på langs (3.000 kilometer på over eitt år) og programmet «Ingen Grenser» på NRK. Han har bokført meir enn 4.000 netter i sovepose.

I 2012 vart Monsen alvorleg sjuk av borreliose etter eit flåttbit. Han har vore mykje i media på grunn av ein konflikt med norsk helsevesen om korleis denne sjukdommen bør behandlast. Han seier sjølv at han vart betre etter å ha blitt behandla med antibiotika i Tyskland.

– Vi gler oss til å høyre han frå scena på Ørsta Kulturhus, skriv konferansen.