– Det er snart utselt for sitjeplassar i amfiet, men godt med ståplassar igjen, fortel programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding, og legg til at ståplassar i Uteamfiet tyder å sitje i graset rundt benkane. Widerøe gler seg over gode vêrmeldingar mot neste helg.
Det folkekjære bandet D.D.E, som sidan 90-talet har turnert Noreg rundt har rykte på seg for å lage liv der dei kjem. Med 13 plateutgivingar bak seg har dei nok av låtar å velje mellom. Til festspelavisa fortalde dei at spelelista til årets sommarturné allereie er klar.– Det er ei blanding av kjende og kjære låtar publikum forventar at vi spelar, og så har vi sjølvsagt nokre overraskingar på lur, seier trommeslagar Eskil Brøndbo.
– Fleire av festspelarrangementa har selt godt, mellom anna er konserten til Majorstuen i Salen i Aasen-tunet fredag 26. juni snart utselt, seier Widerøe. Kvart år blir det lagt ut eit avgrensa tal festspelpass i tillegg til sjølve arrangementsbillettane, og desse passa er det no heilt tomt for.
Parkering
Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela kan ein også parkere ved Coop Extra og Nettbuss i Furene eller ved øvingsbana til NAF i Torvmyrane. – Vi oppmodar publikum til dei største arrangementa om å vere ute i god tid, avsluttar Widerøe.