Måndag kveld melde Fjordingen at ein turgåaar hadde sett ein ulv på veg til Holskarsetra i Hornindal. Setra ligg berre nokre kilometer frå kommunegrensene til Ørsta og Volda.
Området der ulven vart observert er merka i kartet over.
– Eg hadde gått tredjedelen av stien opp til setra då ulven stod ca 20 meter ifrå meg. Eg skreik, bråsnudde og sprang det raskaste eg kunne, seier 14 år gamle Mariell Taraldset til avisa.
Ho seier også ho har sett spor etter rovdyr i det same området i helga.
– Dette er ein veldig truverdig observasjon, seier Ingolf Folven, rovviltkontakt i Nordfjord, til Fjordingen.
Det vart observert fleire ulvar både på Sunnmøre og i Nordfjord i fjor, og eit dyr vart skote i Sykkylven. Tidlegare i år vart eit dyr skote i Naustdal i Sunnfjord.