Alle skular er pålagde å ha ei årleg elevgransking. Ved Ørsta ungdomsskule er det både ei elev- og lærargransking, og også foreldre er oppmoda til å ta del. Alle foreldre har fått brev i posten om dette.
– Føremålet med granskinga er å få betre kunnskap om det fysiske og psykiske miljøet på skulen. Elevar og lærarar er forplikta til å vere med, og vi ynskjer også å ha med foreldra, seier Birkeland.
Ho understrekar at granskinga er eit godt høve for foreldra til å seie si meining om skulen.
– Det kan gå på korleis læreplanar vert følgde opp, korleis undervisninga er, korleis kontakten med skulen er, og om det er godt miljø for tilbakemeldingar, seier Birkeland.
Ho håper så mange foreldre som råd svarar på granskinga, for elles vil ho vere ganske verdilaus.
– Med for få svar vil granskinga vere ubrukeleg når det gjeld det som vedkjem foreldre, seier Birkeland.
Granskinga er nettbasert. Foreldra kan gå inn på udir.no, og klikke seg vidare derifrå. I brevet som vart sendt ut frå ungdomsskulen til foreldre om granskinga, står der eit passord. Dette passordet skal nyttast for å kome inn på sida med spørsmåla i granskinga.
– Og foreldra svarar heilt anonymt. Det er ikkje mogleg å spore kven som har svara, seier Birkeland.
Fristen for å svare er måndag 30. april, og Birkeland håper foreldra tek seg litt tid i helga til å svare på granskinga.