Gjennom prosjektet “Fra Land til Sjø” ynskjer stortingsrepresentant Else May Botten (AP) at ein større av godstransporten skal flyttast over frå land til sjø. Onsdag vitja ho Ørsta saman med representantar frå skogsnæringa i fylket og Norges Rederiforbund. Det sentrale temaet for møtet var ei utviding av Ørstaterminalen.

– Det er viktig å få pengar slik at ein kan flytte godstransporten over til sjøen. Vi må sjå kvar vi er i prosessen, og det handlar ikkje berre om å få ned skogen, men at vi også må få han vidare, seier Botten.

– Må ta på oss jobben raskt

I revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram førre veke er det lagt til ein tiltakspakke til treforedlingsindustrien på hundre millionar kroner. Tjuefem av desse millionane er øyremerkt tømmerkaier, og ifølgje Botten er Ørstaterminalen først i køen for å få tildelt pengar. Samstandes så må det samarbeid til for å få dette til.

– Vi må vere på, og melde oss på bana og ta på oss jobben raskt. Å gjere noko med kaia her er eit godt prosjekt, og ein har fleirbruksmulegheite etter kvart. Ørsta bør kome på plass først, og ein må kome i gang så snart som råd. Det har enno ikkje gått ut brev med fordeling av midlane, og då må vi vere på og påverke dette, seier Botten.

– Sjå moglegheitene

Stortingspolitikaren peika også på at nasjonal transportplan i desse dagar er ute på høyring, og at det skal gjerast vedtak om eitt år.

– Det å få meir gods over på sjå har vorte sagt lange. Det har også vorte gjort mykje, men samtidig er det ein del utfordringar knytt til ulike avgifter og eit tungvint system. Her må det gjerast ei opprydding. Det er mykje å gjere slik som eg ser det, og det er rette tidspunktet til å løfte dette opp og fram. Eg ynskjer lykke til. Det er heilt sikkert mulegheiter rundt terminalen som enno ikkje er tenkt på, seier Botten.

---- Ordførar Rune Hovde ser også positivt på ei utviding av Ørstaterminalen.

– Vi kan faktisk stille med ein ferdig regulert grunn til ei utviding av terminalen. Det er snakk om ei utviding på 80–90 meter og djupvasskai. Når Kvivsvegen opnar vil området her vere eit knutepunkt på Søre Sunnmøre, og midt i auget for ein større terminal, seier Hovde.

– Ei utvida kai vil gje konkurransefordelar

Prosjektleiar Hans Peter Eidseflot i Prosjekt Ørstaskogen la også fram om potensialet knytt til skogbruket om ei utviding av Ørstaterminalen kjem på plass.

– Skogbruk er ein langsiktig tenking, og arbeidet som vart lagt ned for 50–60 år sidan er noko som vi er heldige og kan hauste av i dag. Etter Dagmar er det 70.-80.000 kbm som skal ut på eitt til to år, og dette er drastisk auke samanlikna med normalsituasjonen som er 4.000 kbm per år. Prognosane for hogstmoglegheitene viser at ein kan ta ut 60.000 m³ om 10–15 år. Vi treng ei kai for å få dette ut til kundane, og får vi ei kai så har vi ein konkurransefordel. Då kan vi nå ein mykje større marknad, og vi må sjå våre føremon og nytte dei. Utan kai så får vi ikkje dei gevinstane og verdiskapinga som vi kunne ha fått. Ørstaterminalen er strategisk plassert og ideell for skogbruk. At det er ei offentleg kai er også eitt stort pluss, seier Eidseflot.

– Økonomisk forsvarleg

Næringssjef Odd Magne Vinjevoll sa at det var gledeleg å høyre om potensialet som ligg i ei utviding av Ørstaterminalen, og han trur at terminalen kan vekke interesse i næringslivet. I tillegg til at terminalen kan verte viktig for turisme.

– Her er fleirbruksfordelar som gjer det økonomisk forsvarleg med ei utviding, og det er truleg gjennomførbart på kort tid, seier Vinjevoll.

---- Representantane frå Møre og Romsdal skognæringsforum, fylkeskommunen, Norges Rederiforbund og Kystskogbruket er positive til planane, og oppmodinga var ein no må arbeide saman for å få dette til.