Gjennom læreplanmåla for elevane ved Service og Samferdsel ved Volda vgs. skal ein starte, drive og avslutte ei ungdomsbedrift i løpet av eitt skuleår.

Ei gruppe på åtte elevar valde å starte bedrifta Water Resistand Products, og har no gjort seg merkt med sine innovative pc-vesker som er vasstette.

– Det heile starta med at det hadde regna heile veka, slik som det brukar å gjere. Vi kom fram med ideen om vasstette baggar, men når vi undersøkte marknaden fann vi ut at dette allereie eksisterte. Då kom ideen om vasstette pc-vesker som ikkje var på marknaden, seier Gaute Holen.

Mentor

Lærar Atle Mostad gav bedrifta ideen om å nytte seglstoff på pc-veskene.

– Då kan vi resirkulere gamle segl som elles ville ha vorte brent opp, seier Steffen Wille Ytterstad.

WRP tok også kontakt med Rotary Volda etter å ha lest om organisasjonen, og leiar Per Svein Krøvel fatta interesse for bedrifta.

– Ungdomsbedriftene er viktige for oss. Vi vart interesserte, og møtte bedrifta for å sjå kva dei heldt på med, seier Krøvel, som no er mentor for WRP.

Kvalifisert til NM

Under fylkesmessa for ungdomsbedrifter som vart arrangert 21.–22. mars i Kristiansund gjekk WRC til topps i kategoriane logo og brosjyre. I kategorien innovative produkt vart det ein andreplass, og dei gode resultata gjorde at bedrifta kvalifiserte seg for NM som vert arrangert I Lillestrøm 3.–4. mai.

Totalt fire bedrifter kvalifiserte seg til NM frå Møre og Romsdal av 74 påmelde. WRP er også den første ungdomsbedrifta frå Volda vgs. som har kvalifisert seg til NM, og dei håper på å kunne hevde seg.

– Vi passar på å halde litt bakkekontakt, men vi trur at vi kan hevde oss innanfor kategorien innovative produkt, og kanskje verte nominerte blant topp tre, seier Holen.

Samarbeid

Ungdomsbedrifta har allereie ein eigen nettstad der ein kan få kjøpt pc-veskene, og har samarbeidd med Høgskulen i Volda og lina Media, IKT og Design.

Ut av dette samarbeidet kom det fem reklamefilmar som også ligg ute på nettstaden. Dei viktigaste samarbeidspartnarane til WRP er Furene As og Fora Form.

– Vi lagar til materialet sjølv ved å teikne og klippe opp, og så hjelper Åse Johanne Riise ved Fora Form oss med å sy saman pc-veskene. Fora Form tingar også innerstoffet til oss. Vi har fått hjelp ved trykkeriet på Furene. Dei har visst oss korleis vi skal gjere det, og no kan vi ringe bort og så komme å gjere jobben sjølv, seier Holen.

– Utan desse to samarbeidspartnarane, og spesielt Åse Johanne, så hadde vi ikkje kome så langt, seier Ytterstad.

Praksis i eiga bedrift

For også å kunne hevde seg i konkurransen om Ferdsprisen som stiller høge krav til forretningsplan, vil ein no jobbe med å få økonomibiten meir på plass.

– Dette trur eg at dei skal klare, seier Krøvel.

For å førebu seg best mogleg til NM har no elevane praksis i eiga ungdomsbedrift, og er dei første ved skulen som har dette. Feltundersøkingar som bedrifta har gjort, syner etterspurnad etter pc-veskene i marknaden, og elevane sjølve føler dei lærer mykje gjennom arbeidet med bedrifta.

– Det er mykje meir givande å gjere dette enn å høyre på ei forelesing eller studere på eiga hand, og det er også eit større læringsutbytte. Vi jobbar litt etter «learning by doing», men vi har også flinke lærarar rundt oss som kan mykje, seier Holen.

– Vil halde fram

WRP trur at produkta kan nå noregsmarknaden då dei har eitt unikt produkt.

– Vi går inn for det, og med litt hjelp kan vi klare det, seier Ytterstad.

Sjølv om læreplanen seier at bedrifta også skal avsluttast etter eitt år, er det fleire i gruppa som ynskjer å halde fram med arbeidet.

– Det er nokon som har tenkt til å dette vidare. For nokon vil det truleg verte vanskeleg med at ein flyttar litt på seg, men det vil verte eit framhald av bedrifta, seier Holen.