Sørheim har som pensjonist starta import av ymse produkt frå Kina, der i blant minigravemaskiner. No satsar han på å tilby ein ny type bord som eignar seg særleg godt til terraser, noko han sjølv har prøvd ut i eit års tid.

Borda er altså eit komposittprodukt laga av 45–60 % tremasse, plast og fargetilsetjingar. Dermed er det korrosjonsresistent og vedlikehaldsfritt, fortel Sørheim.

Ideen til å importere slike bord fekk han då han var i Kina i samband med eit fabrikkbesøk. Der fekk han sjå produktet, og enda med å tinge 400 kvm.

– Det gjekk fort unna, så i år bestilte eg ein ny konteinar, seier han.

Borda kan sagast til med ei vanleg handsag og monterast med klips til bjelkane.

Sørheim har sjølv testa dei mot vassprenging i frysaren og mot brann med ein gassflamme, og konkluderer med at komposittborda er ganske hardføre. Men den største fordelen er at dei er vedlikehaldsfri.

– Det er berre å vaske over. Ein slepp å olje og beise. Borda kostar 340 kr per kvadratmeter, noko som er ein del meir enn tre, men om ein skal olje og beise kostar nok det meir over tid, seier han.