– Dette er ei merkeleg sak. Det er underleg at fylkesutvalet har fjerna Fefast som alternativ til kryssing av Storfjorden når fagetaten, som er Statens vegvesen, ynskjer å få utgreidd både Hafast og Fefast, sa Ola Perry Saure (Sp) i formannskapet.

Undring

Han undra seg over kvifor fylkesutvalet berre vil ha utgreidd Hafast, og ikkje Fefast som framtidig fastlandssamband mellom Søre Sunnmøre og resten av Sunnmøre.

– Ein kan spørje seg kvifor fleirtalet ynskte å ta vekk Fefast som alternativ når ein ikkje veit kva for eit prosjekt som vert rimelegast og teknisk gjennomførbart. Eg trur det kan ha med at Hafast-forkjemparane fryktar at Fefast kjem best ut, sa Saure.

Han meinte også at det ikkje er teke omsyn til trafikantane i denne saka.

– Strafferunde

– Etter kvart er eg overtydd om at det vil kome eit påtrykk frå trafikantane for stamvegen på Vestlandet. Trafikantane vil krevje at det ikkje vert pålagt ein strafferunde ut på øyane, sa Saure.

I formannskapet var det varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) som tok opp saka, og bad formannskapet vere med på ei fråsegn. Formannskapet let seg ikkje be to gonger, og var samrøystes om å krevje Fefast inn att i den regionale transportplanen.

– Fefast er eitt av to alternativ som Statens vegvesen ynskjer vidare utgreidd under handsaminga av nasjonal transportplan og konseptvalutgreiinga. Både Fefast og Hafast har vore gjennom geologiske undersøkingar, utan at ein enno har konkludert kva løysing ein ynskjer å gå for- Statens vegvesen seier det er ynskjeleg og aktuelt å greie ut begge prosjekta vidare, heiter det i fråsegna frå formannskapet.

– Uheldig

– Vi meiner det er uheldig at Møre og Romsdal fylkeskommune som høyringsinstans vil fjerne eit reelt alternativ frå den vidare utgreiinga, heiter det vidare.

Formannskapet minner om at det trass alt er staten, og ikkje fylkeskommunen, som skal drive desse prosjekta vidare.

– Vi her med dette om at fylkestinget tek inn att Fefast som eit alternativ, og ynskjer begge prosjekta vidare utgreidd, seier formannskapet i Ørsta.