I 03.30-tida laurdag fekk politiet melding frå personar som såg at ei tom jolle flaut tungt i sjøen 100 meter frå land i Ørsta sentrum. Femti meter unna låg ein redningsvest. Det vart difor slått full alarm. Luftambulanse med dykkarar frå Ålesund vart kalla ut, og hovudredningssentralen, ambulanse, politi, brannvern og Røde Kors vart varsla.

Ambulansehelikopteret sveipa over fjorden for å leite etter personar i vatnet, medan dykkarar leita i området kring jolla. Båtar frå småbåtlaget tok også del i leiteaksjonen.

Etter kvart fekk politiet snakka med vitne som kunne fortelje om namngitte personar som hadde skubba båten på sjø. Ein hjørnesofa vart også funne drivande i sjøen.

Klokka 04.47 vart det klart at ingen var sakna, og aksjonen kunne avblåsast.

Brannvern og dykkarar frå Ålesund vart kalla ut.
Frivillige tok del i leiteaksjonen.