Laurdag vart det løyst ut skred både i Ørsta og Volda.
Politiet fekk fyrst melding frå Volda. Turgåarar på veg ned frå Eidskyrkja mot Litle Eidskyrkje melde kl. 12.40 i frå om at dei hadde løyst ut eit snøskred. Ingen personar følgde med skredet. Eidskyrkja ligg på sørsida av Austefjorden.
Ein time seinare kom meldinga om eit skred frå Verhaldet. Også dette vart løyst ut av ein skiløpar. Det var skiløparen sjølv som melde i frå, og vedkomande vart ikkje med skredet. Det var ingen andre personar i området.
Skredfaren i området vert karakterisert som moderat.