Det meiner kommunestyremedlem og styremedlem i Ørsta Reiselivslag, Inge Kolås. Han vender seg no til Statens vegvesen for å få saka på dagsorden.

Trist syn

– Eg har med stor undring registrert at denne brua ikkje er prioritert på vanleg vedlikehaldsarbeid. Reint teknisk er sikkert brua tilfredsstillande, men estetisk er brua slik ho no står fram eit trist syn. Her må det til vaskekost, litt flikking og til slutt maling og kalk på plass, seier Kolås.

Han minner vegvesenet om at Høgebrua er «innfallsporten» til viktige turmål.

– Brua og området rundt er innfallsporten til dalføra som inneheld dei mest kjende fjella og turområda som finst i heile landet, ja jamvel på kloten. Kanskje er det dette dei tilreisande ser som fyrste «signal» til desse juvelane som vi er så stolte av, seier Kolås.

Han spør vegvesenet om kva som kan gjerast for at Høgebrua skal få ein verdig klednad.

Informasjon

– Når eg fyrst tek opp saka, bør det vidare nemnast at det også bør tenkjast på ei informasjonstavle om sjølve brua. Kanskje burde der ha vore ei tavle med ein tilstøytande rasteplass. Her kunne historia om at det er den gamle kyrkjegardsmuren i Ørsta som vart nytta til bygginga, og så vidare, seier Kolås.

Han trur det ikkje er naudsynt med dei store midlane å få til ei andletslyfting.

– Med å bruke litt pengar på dette, ville vi ha fått synleggjort eit framifrå kulturminne, og ikkje minst eit flott byggverk som vi alle kan vere stolte av å ha plassert i regionen vår, seier Kolås..

Han meiner vidare at områda på åmdalssida av brua burde ha vorte omregulert til busshaldeplass og rasteplassområde.

Samarbeid

– Noverande løysing der skuleborna må gå av i krysset til vegane til Follestaddal/Åmdal, er ikkje nokon verdig eller trygg løysing for nokon. Her bør kommunen, vegvesenet og reiselivsaktørar samarbeide om ei løysing som kan gjere dette området til ei perle av ein innfallsport til alt det vakre som møter oss, insisterer Kolås.