To menn i trettiåra vart måndag morgon berga ned frå Liadalsnipa. Dei to hadde gått seg faste, og mørkna inne i fjellet.

Politiet vart varsla om situasjonen frå pårørane som byrja å verte uroa over at dei ikkje høuyrde noko frå dei to.

Redningskasjonen vart sett i verk, og kl. 05.40 måndag morgon vart dei to lokaliserte i fjellet. Om lag kl. 08.30 kom dei to velberga ned. Dei var uskadde, men kalde.

Det var mannskap frå politiet, redningshelikopter og Sunnmøre alpine redningsgruppe som var med på aksjonen.

Denne saka vert oppdatert.