Langfredag og 1. påskedag er det påskerebus på Sæbø. Dette er eit fast påskearrangement på Sæbø, og har samla hundrevis av deltakarar kvart år.

– Sidan 1990-talet har fotballgruppa på Sæbø arrangert påskerebus langfredag og påskedag, og dette skal vi sjølvsagt gjere i år også. Påskerebusen skjer i og rundt Sæbø sentrum, med påmelding, avgang og premieutdeling på Sæbø klubbhus. Der vil det også vere enkel kiosk/ kafe, fortel Siw Lillebø i fotballgruppa i Sæbø IL.

- Ha med born

Rebusen vert lagt opp slik at folk kan delta med lag. Kvart lag kan ha inntil seks vaksne personar.

– Det er ofte ein fordel å ha både barn og vaksne deltakarar på laget, då det på kvar post er spørsmål som er retta mot barn. Det er sjølvsagt ikkje lov å nytte hjelpemiddel når ein skal svare på spørsmåla, dette er deltakarane flinke til å respektere, og vi trur faktisk ikkje at postvaktene nokon gong har vore nøydde til å gripe inn. Vi skal ha fair play både på og utanfor fotballbana, poengterer Lillebø.

Barnevogn og rullator

Deltakarane går ut lagvis med eit minutt mellom kvart lag. Ved start og på kvar post får laga delt ut ein leietråd med ei oppgåve der svaret gir laget vegen vidare til neste post. Påskerebusen er ein fin påsketrim som høver for alle, og det har vore stilt til start med både barnevogn, sparkesykkel, trøsykkel (barn), rullator og rullestol, seier Lillebø med eit smil.

– Det skal sjølvsagt delast ut premiar. Kvar dag vert dei seks beste laga (flest poeng) premiert, 1. påskedag trekkjer vi også premiar uavhengig av plassering blant dei laga som har delteke begge dagane. Så det lønner seg å stille til start begge dagar. Vi har også ei loddbok ute på tur som vert trekt under premieutdelinga påskedag, fortel Lillebø.

Rømmegraut

Ho og fotballgruppa nyttar høvet til å seie tusen hjarteleg takk til alle som har sponsa med premiar.

– Vi har eit fantastisk positivt næringsliv rundt oss som gir oss sjenerøse premiar, understrekar Lillebø.

Langfredag kan folk ta middagen i gymsalen på Sæbø, der er det sal av rømmegraut. Der er også glutenfri rømmegraut.

Lillebø minner om at folk må ha med kontantar, og at minibanken på Sæbø er døgnopen.