NPK- ntb: I fjor var det tre av ti som oppgav at dei hadde økonomiske forsett for det nye året, mens delen har auka til nær halvparten av oss i år, viser tala Respons Analyse har henta inn for DNB.

Men 55 prosent har ingen økonomiske nyttårsforsett framfor inngangen til 2018.

– Det har blitt mykje enklare å sette seg nyttårsforsett generelt, fordi det finst ei rad digitale hjelpemiddel for blant anna trening og kosthald, seier DNBs forbrukarøkonom Silje Sandmæl til NTB.

– Dette gjeld også for økonomiske nyttårsforsett. Det finst eigne spare-appar som kan hjelpe deg med å nå sparemål og få kontroll på forbruket, forklarar ho.

Å bruke mindre pengar, spare meir og shoppe mindre toppar lista over forsett.

Fleire unge

Tala viser at det er mange fleire unge enn eldre som har økonomiske nyttårsforsett. I aldersgruppa 18 til 24 år varslar tre av fire at dei har slike forsett – nesten halvparten har eit mål om å spare meir. Éin av tre vil bruke mindre pengar, og ein tilsvarande del vil sette opp budsjett.

Det ser derimot ut til at økonomiske nyttårsforsett blir droppa med åra. Sandmæl peiker på to moglege årsaker.

– Det eine er at dei unge er i «app-generasjonen» og har fått auga opp for det. Det andre er at når du er ung, har du som regel berre deg sjølv å tenkje på – du er den einaste utgifta, seier ho, og legg til:

– Men dei digitale hjelpemidla er sjølvsagt for folk i alle aldrar, det gjeld berre å få auga opp for kva som er tilgjengeleg.

Færre unge sparer til bustad

Samtidig viser ei anna undersøking at delen unge som seier dei planlegg å spare meir til bustad, er nesten halvert.

Nær dobbelt så mange unge i aldersgruppa 18–29 år seier at dei heilt sikkert skal spare meir i 2018, samanlikna med i inneverande år. 46 prosent i denne aldersgruppa seier dei heilt sikkert skal spare meir, men ikkje til bustad.

Blant dei unge som seier at dei skal spare meir i 2018, er det berre 35 prosent som skal spare meir til bustad. I fjor var delen 62 prosent.

Tala gjer forbrukarøkonomen uroleg.

– Desse tala overraskar meg. Eg lurer på om dei unge begynner å ta for gitt at foreldra stiller opp som kausjonistar, seier Sandmæl

Risiko med kausjon

Ho viser til at ei undersøking frå tidlegare i år viste at delen unge som får hjelp heimanfrå til bustadkjøp, har auka frå 48 prosent i fjor til 52 prosent i år.

– Over halvparten av dei under 35 år får hjelp av foreldra. Eg trur det kan vere noko av årsaka til at færre unge seier at dei vil spare til bustad. Mange unge er dessverre ikkje klar over at dei må spare til bustad på eiga hand, konstaterer ho.

Kraftig bustadprisvekst dei siste 25 åra og skjerpa krav til eigenkapital gjer at unge no mange stadar må ha fleire hundre tusen i eigenkapital for å komme inn på marknaden.

– Eg oppfordrar alle foreldre til å ta bustadpraten med ungane tidleg, slik at dei set av pengar til dei skal inn på bustadmarknaden. Det er inga sjølvfølgje at foreldre skal stille som kausjonistar. Det er også ein risiko knytt til å vere kausjonist, seier Sandmæl.

Silje Sandmæl Forbrukarøkonom i DNB. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix