Politiet melder på Twitter: "Ørsta: Kl. 0536 meldt om pipebrann. Tre bebuarar til Volda sjukehus for sjekk etter å ha innhalert røyk. Røykskader i bustaden."

Og om lag klokka 0730 melde politiet: "Varmegang i bjelkar rundt pipa har gjort at brannen har blussa opp. Brannvesenet driv med sløkking."

Huset ligg i Åmdalen. Dei tre som budde i huset vart utskrivne frå sjukehuset etter ein legesjekk.