Det sa Karen Høydal (Ap) under kommunestyret torsdag. Brevet Ørsta formannskap sende om grensejustering på Bjørke/Viddal til nye Volda kommune, har vekt reaksjonar m.a. frå Høgre, som ikkje var med på å signere brevet.
Brevet var stila til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Der står mellom anna «Grensejusteringa inneber ein risiko for konflikt mellom Ørsta kommune og nye Volda kommune, som på sikt kan føre til eit dårlegare samarbeidsklima.»
Formannskapet sende brevet for å informere departementet om at det er tverrpolitisk semje i Ørsta kommune om at det er naudsynt å søkje deltaking i større kommunekonstellasjonar.
– Ørsta formannskap ber difor innstendig om at departementet ikkje vedtek denne grensejusteringa.
Inge Kolås (Frp) var også litt skeptisk til brevet som vart sendt.
– Då vi gjekk til urnene sa vi nei til å slå oss saman med Volda. vi skal respektere folkerøystinga. Det som bryt med det, er det som står i brevet, der det kjem fram at vi no tenkjer større enn Ørsta og Volda. Det har ikkje folket sagt noko om. Forfattarane av brevet meiner heilt klart at det no er ein ny situasjon, og at Ørsta må inn i ein større konstellasjon. Korleis går det an å seie det når vi ikkje ein gong vil gå inn med voldingane? Så difor meiner eg at heile brevet vart litt rotete, sa Kolås.
Karen Høydal forsvarte det heile, og snakka varmt om interkommunalt samarbeid.
– Ingenting er bestemt i denne saka. Det som vart gjort ved avrøystinga i kommunane, respekterer vi, men vi treng andre kommunar i fleire ulike saker framover, sa ho.
Per Are Sørheim (H) meiner dette er feil innfallsvinkel.
– Det er bra om vi no byrjar å sjå behovet for større kommunar. Då reforma var oppe til diskusjon var det berre Høgre som tok opp dette temaet. Dei fleste andre var uroa for utkantane sin posisjon inn mot eit sterkare sentrum om Ørsta og Volda skulle slå seg saman. Kva som er endra no klarer eg ikkje heilt å sjå. Det var difor eg valde å ikkje signere brevet. Skal vi sende ut slike ting må det vere kvalitetssikra, solid og dekkande. Folk i formannskapet og i politisk leiing som tydeleg har vore motstandarar av kommunesamanslåing kan ikkje kome no og seie at dei alltid har vore for Volda. Eg er usikker på føremålet med brevet, og er ikkje sikker på om det betra Ørsta sin posisjon i denne saka. At vi har interkommunalt samarbeid skulle berre mangle. Det er ikkje det dette handlar om. Å selje inn denne bodskapen er langt meir skadeleg enn til gagn for Ørsta.
– Hovudbodskapen var å fortelje at vi gjerne vil behalde Bjørke i vår kommune, svarte Karen Høydal.
Sven Castberg (H) er også leiar i kontrollutvalet. Han seier at utvalet vil sjå på lovlegheita i brevet som vart sendt.
– Det er ikkje skrive i brevet at ikkje heile formannskapet stiller seg bak, og det er mildt sagt uheldig. Å sende brev med slike påstandar utan dekning eller protokollføring om at det ikkje er semje i formannskapet om det, det må vi sjå på.
Ola Perry Saure (Sp) etterlyser handling frå Høgre.
– Nye Volda har verkeleg jobba for å få Bjørke inn i Volda kommune. Det er meir mangelvare i Ørsta Høgre, kva dei har gjort for sine veljarar for å behalde Bjørke i Ørsta? Eg ønskjer å sjå korleis Høgre har tenkt å jobbe for det, for så langt har de, i alle fall frå gruppeleiaren si side, sete med hendene i fanget i denne saka.
– Høgre går primært for Ørsta og Volda saman, og Bjørke inkludert. Det er vår hovudbodskap. Høgre har nytta seg av sine kontaktar i departementet m.a. svarte Sørheim.
Hans Olav Myklebust (Frp): – Det viktige poenget med brevet var at vi vil behalde Bjørke. Vi er fole glade i Bjørke. Brevet synest eg ikkje var rotete i det heile. Fortid er fortid. Folkeavstemminga er fortid. Vegen vidare er berre full av moglegheiter, sa Myklebust, og viste mellom anna til at Frp har kome med utspel om samanslåing av Ørsta og Ulstein.
– Kanskje kan det vere starten på noko større.
Stein Aam (Sp) seier at intensjonen med brevet var god.
– Og Høgre fekk moglegheita til å vere med å korrigere brevet. Det veit Sørheim svært godt. Mitt syn på kommunesamanslåing må justerast ut frå fleirtalet på Stortinget, og dette vil vi jobbe aktivt med framover og vi tek gjerne Høgre med på vegen. Vi har samtalar med dei sju kommunane på Sunnmøre om vidare arbeid opp mot stor Søre-Sunnmøre og opp mot Ålesund, sa Aam.
– Det er langt fram å få dette i hop. Start med Volda. Då er det realisme å få dette til, svarte Sørheim.