Snøskredvarslinga for Sunnmøre har blitt sett opp frå to til tre frå og med søndag 7. januar. Ifølgje varsom.no kan nokre middels store eller store naturleg utløyste skred kome.

- Krevjande forhold med svært kraftig vind. Det finns svake lag i snødekket. Ver spesielt forsiktig rundt skoggrensa, i tillegg til område med fersk fokksnø, heiter det i varselet.

Den kraftigaste vinden i samband med ekstremvèret Cora traff ikkje Søre Sunnmøre. Ifølgje yr.no er det frå i kveld av forventa frisk bris på Sunnmøre.