På fylkesveg 70, på strekninga mellom Store-Standal og Festøy, har det i løpet av natta gått eit steinras. Etter det Møre-Nytt får opplyst har raset gått mellom Brattheim og Festøy. Vegen vart stengd onsdag morgon og det var omkøyring for personbilar via Standaleidet til Ørsta.

Geolog var på staden og gjorde undersøkingar av rassida. Rundt klokka 12.30 vart vegen opna att.

Ifølgje NRK Møre og Romsdal er steinen 10 tonn tung og er på tre kubikk.