Det seier Eldar Øye som er rådmann i samfunnsutvalet.

– Men der er ei gråsone. Det er skilnad på det å vere oppteken av trafikktryggingsspørsmål i bygda di, og det å ha nært slektskap til ein part i ei sak, seier han, på generelt grunnlag.

– Så kan det alltid verte diskutert kvar grensa til gildskapen går, men du er langt inne i gråsona om du tek opp saker der nokon i nær slekt er direkte part. Så er det vel også slik at dette bør verte vurdert frå sak til sak.

Øye fekk brevet frå Inge Kolås ved lunsjtider tysdag, og hadde ikkje hatt høve til å gi eit skriftleg svar, men lovde at det skal kome om litt.

– Det er eit tema som fortener å verte vurdert, sa han.