Måndag morgon vart det oppdaga innbrot ved Høgskulen i Volda. Innbrotet skjedde i kontorbygningen Lettbygget som ligg bak Ivar Aasen-huset og Hans Strøm-huset. Om det har vore ein eller fleire gjeringspersonar veit ikkje politiet enno. Dei var på staden måndag morgon.

Gjerningspersonen eller gjerningspersonane har teke seg inn i bygget via ei sidedør som dei braut opp. Inne i bygget har truleg brannalarmen byrja å pipe, og den har blitt riven ut av veggen, og lagt i ei postkasse ved inngangsdøra til bygget. Døra inn til kopirommet på Lettbygget har også vorte brote opp, men operasjonssentralen opplyser til Møre-Nytt at det ikkje har vorte stole noko frå bygget.

– Det har vorte brote opp fleire dører og utført skadeverk, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård til Møre-Nytt.

Politiet har ikkje spor å gå etter i saka, og ynskjer tips frå publikum.

Lettbygget ved Høgskulen i Volda.