Like før klokka halv ni torsdag morgon fall eit tre på kraftlina ved Vartdal plast. Rjånes, Vartdal, Festøy og Trandal mista straumen grunna dette, og montørar frå Tussa vart sendt til Vartdal. Klokka 09.10 meldte Tussa at alle har fått straumen tilbake, og at arbeidet med fjering av treet vil starte om kort tid.

Tussa rapporterte også om utfall mellom Straumshamn, Folkestad og Dale. Montørar vart sendt til staden, og like før klokka elleve vart eit tre funne på lina ved Skarhammeren. Rundt klokka halv tolv hadde alle fått strumen tilbake.

Grunna varslingane om ekstremvêr og kraftige vindkast i Trøndelag og Møre og Romsdal torsdag, så står Tussa sine montørar klare til å trå til om det skulle vert straumutfall.