Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1 stiller spørsmål om hamneavgifta berre vil føre til større utgifter for ferjeselskapet, eller om dei får noko att for pengane.

– Generelt er vi opptekne av å betre tilbodet for brukarane. Spørsmålet er om det vert betre ferjetenester, betre kaiforhold og tilkomst med bakgrunn i eit slikt vedtak, eller om det berre vert dyrare ferjetenester, seier Øverland.

– I diskusjonar om kvifor ferjetenester vert dyrare, er dette eit døme på kvifor. – Dersom det ikkje går til forbetringar for kundane.

Øverland legg til at kontraktane dei har i første omgang vernar ferjeselskapet for innføringar av offentlege avgifter og vedtak som kjem etter kontrakten er signert. Då vert det dekt av oppdragsgjevar.

– Men poenget er at det uansett vert dyrare, seier han.

– Nokre gongar er det nok fornuftig at pengane går til forbetringar og utbyggingar. Det skal eg ikkje leggje med bort i. Vi stiller berre spørsmål om tilbodet vert betre.

Hurtigruta

Hurtigruten ASA er for tida i eit rettsleg oppgjer med Stranda kommune, der Stranda Hamnevesen har stilt krav om 15 kroner i passasjervedlegg for alle passasjerane om bord, uavhengig av om dei går i land i Geiranger eller ikkje.

Leiinga i Hurtigruten ASA ønskjer ikkje å kommentere innføring av ei eventuell hamneavgift i Ørsta kommune før saka mot Stranda er avgjort.

Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1.