Helse Møre og Romsdal manglar 48 millionar kroner for å få budsjettet for 2014 i balanse. Onsdag presenterte styret resultatet for årets første månad, og også her går føretaket med 8,8 millionar kroner i underskot. Administrerande direktør, Astrid Eidsvik, er likevel glad for at føretaket kan skilte med eit mindreforbruk på lønn. Her har føretaket ei innsparing på 3,4 millionar kroner.

Uløyst utfordring

Totalt er utfordringsbiletet på 176 millionar kroner for dei ulike klinikkane i 2014, men med skisserte tiltak er summen nede i 88,9 millionar. 40 av desse er ført over på klinikkane. Dei siste 48 vert flytta til fellesområdet under administrerande direktør som ei uløyst utfordring i 2014.