Ei større oppussing av klubbhuset til Sæbø IL er no i gang. I løpet av to veker skal mange vegger målast og kjøkkenet skal verte så godt som nytt. For å få i stand dette stiller bygdefolket opp på dugnad. Arbeidet er godt i gang, og stadig dukkar det opp nye andlet som tek i eit tak på fritida.

– Vi rir no på ein positivitetsbølgje. Her er mykje tilflytting og det er mange unge som busett seg på Sæbø. Så positiviteten rår. I slutten av april vert det skipa til inspirasjonskveld i regi av grendelaget, idrettslaget og trimgruppa. No trengde klubbhuset seg eit løft, og det var økonomi til å gjere det. Folk stiller opp, og kjem hit og målar. Og det kjem nye andlet nesten kvar dag, seier Elisabeth Dimmen.

Kvar dag har folk vore i sving med målarkostar og snikkararbeid. Tysdag er det lagt opp til storinnsats der mange er venta på dugnad. I hovudrommet på klubbhuset skal det målast, og toalettet i bygget har fått ei oppfrisking. Den store innsatsen vert lagt ned på kjøkkenet. Ein heilt ny komfyr og ventilasjonsanlegg er kjøpt inn, i tillegg til at det kjem på plass nye benkeplater og det vert ei betre løysing med tanke på kiosksal.

Godt år med paintball

Sæbø IL driv med paintball store delar av året. Utleige av bane og utstyr til besøkjande har vist seg å vere ei viktig inntektskjelde, og kan vere med på å finansiere vidare oppussing.

– Dette vert veldig bra. Bakgrunnen for at vi kan gjere dette er inntektene som idrettslaget har hatt på paintball. Vi hadde eit godt år i fjor, og den første gruppa i år har allereie reservert time i mars.

Birgit Hustad og Bernt Arve Hustad i gang med måling på kjøkkenet. (Foto: privat)