Politiet gjennomførte seint natt til laurdag ein trafikkontroll i Furene. Tretten bilar vart kontrollerte. Politiet hadde ikkje noko å utsetje på nokon av bilistane, går det fram av politiloggen.

Tidlegare på natta fekk politiet melding om det som kunne vere promillekøyring i området Ørsta skisenter på Bondalseidet. Da politiet kom til staden var der knuffing mellom vener av den mistenkte føraren og vener av meldaren. Det viste seg ikkje å vere snakk om promillekøyring. Situasjonen vart løyst opp av politiet.

Berusa person

Politiet søkte natt til laurdag etter ein berusa mann som skulle ligge på ein benk og sove ved rutebilstasjonen  i Volda. Ver og årstid gjorde det ikkje tilrådeleleg å liggje der, vurderte politiet. Då patruljen kom til staden var vedkomande vekke.