Dette kom fram på kommunestyremøtet i Ørsta sist torsdag. Det skjedde i samband med at kommunestyret mot Framstegspartiet og Senterpartiet sine røyster vedtok reglementet for eigedomsskatt.

Verk og bruk

Takstgrunnlaget for verk og bruk, som skal skattleggjast i år, skal vere altså klart til utgangen av juni. Når det gjeld takstgrunnlaget for folk flest, skal det vere klart tidleg i 2014, men det er framleis uvisst korleis dette skal gjerast.

Rådmannen orienterte nemleg om at takstfolk skal ut og taksere for verk og bruk frå og med veke 21. Når det gjeld takst for bustader, var det ein von om at likningstaksten også kunne nyttast som takstgrunnlag for eigedomsskatt. Dette har Finansdepartementet signalisert skal verte mogleg, men det er ingen signal frå likningsmynde om at dette vert mogleg frå såpass tidleg som 2014. Dermed er det mogleg at det også må sendast ut folk til takseringsarbeid for bustadhus.

Reglement

Sjølve reglementet for eigedomsskatt var det liten debatt om. Hans-Olav Myklebust (Frp) meinte det var detaljert, men var uklart når det gjeld bruken av ord og omgrep.

– Dette vil berre gje meir byråkrati, sa Myklebust. Han bad om at saka vart utsett, slik at ein kunne rydde opp i bruken av omgrep. Det forslaget fall då berre Frp og Sp røysta for.

Varaordførar Paul Kristian Hovden viste til at sjølve forslaget til takst måtte vere klart til utgangen av juni.

– Greier vi det? Spurde varaordføraren.

Han fekk til altså svar frå rådmannen at takstfolka for taksering av verk og bruk snart er i gang med arbeidet.

Bustadhus

Det at det kanskje må til ei omfattande taksering også av bustadhus i 2014, fekk både Stein Aam og Ola Perry Saure i Sp til å undre.

– Viss ikkje det vil vere mogleg å bruke likningstakst, og vi må sende ut takstfolk, kan det hende det ikkje vert eigedomsskatt for alle før i 2015, sa Aam.

Nemnder

I samband med saka vart samansetjinga av sakkunnig nemnd for eigedomsskatt også vedteken. I nemnda sit Inge Kolås, Torill Langlo og Sigve Aklestad. I sakkunnig klagenemnd sit Gudny Fagerhol, Anne Karin Brautaset Bae og Odd Jarle Øye.