Etter at brannstasjonen i Volda vart øydelagt i brann i oktober 2010, har det vorte bestemt at brannvernet skal få nye lokale i den gamle trevarefabrikken til Gjersdal i Prestegata i sentrum.

Vil utbetre mest muleg

Til formannskapet tilrådde administrasjonen i Volda kommune ei delvis utbetring av den nye brannstasjonen til ein kostnad på 8,2 millionar kroner, men etter forslag frå ordførar Arild Iversen, valde politikarane det dyraste alternativet, mot Helge Hamre (V) si røyst.

Alternativet inneber at det vert ordna fall i golvet der brannbilane skal stå, inntrekt front på bygget, og garderobar til brannmannskapet.

Rådmann Rune Sjurgard åtvara i saksutgreiinga om å ta for hardt i, grunna den økonomiske situasjonen til kommunen.

– Eg ser inga anna løysing enn å dele prosjektet opp i fleire byggjetrinn, sa han der.

Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret siste dagen i oktober.

Pengane vil politikarane hente frå unytta lånemidlar frå prosjektet renovering av Volda gamle gymnas/Maurtua.