– Siste vekene har trafikken forbi auka monaleg i samband med at vegen på strekningane lenger ute tek til å verte ferdigstilt. Særleg tungtrafikken medfører til dels svært betydelege støyplager, og til alle tider på døgeret.#<\p>Eg er skaka over at det skulle verte såpass gale, seier Aarset i eit skriv til Statens vegvesen.

Støy

Han har vore klar over at det kunne verte mykje støy, og har oppmoda om at det vert teke støymålingar på tunet hans. Det har han fått avslag på.

For å unngå støy, har han difor på eige initiativ sett opp eit massivt tregjerde for å skjerme tunet og våningshuset frå vegen.

Aarset krev at veglina vert flytta nokre meter vekk der kurvaturen ligg nærmast tunet.

Justere veglina

– Det er framleis råd å justere lina litt, og dette meiner eg ville fått stor vinst for støy og grunnristing. Då ville vegbana verte liggjande på fjell, og ikkje mold som i dag. Den veldige grunnristinga ein opplever no, kunne verte mykje godt eliminert, seier Aarset.

I tillegg meiner han ei slik flytting vil gje føremoner for kurvaturen.

– Avkøyrsla vår ligg midt i den langstrekte venstresvingen i dag. Dessutan må det uansett sprengjast fjell etter dagens lineplan, seier Aarset.

Fri grunn

Han seier seg villig til å gje fri grunn som måtte gå med ved ei justering slik han ynskjer.

– Eg ber også om ei snarleg synfaring/støyvurdering, og ei vurdering av dei momenta eg har lagt fram. No er det ferie på anlegget, og det er framleis tid til å gjere for oss ei framtidig avgjerande justering her, seier Aarset.

Harald Aarset i Austefjorden opplever stadig meir trafikkstøy.