– Det handlar om at vi skal samle opp avisingsvæskene i staden for å sleppe det rett ned i grunnen, seier fungerande lufthamnsjef Stig Gunnar Michelsen.

Flysikkerheit

På grunn av krav om flysikkerheit er det nødvendig å avise fly i vintersesongen. Det vert brukt ei blanding av varmt vatn og propylenglykol som avisingskjemikalie. I tillegg til glykol inneheld væska også tilsetjingsstoff. Ved Hovden har restane frå dette rent ut i grunnen, men det vert det ein slutt på no. Den nye plattforma er eit miljøprosjekt for at flyplassen skal verte ein grønare flyplass.

– Vi brukar 80 millionar kroner på å verte grønare. I tillegg flyttar vi på nokre innflygingsmaster og temperaturmålarar for å betre forholda for dei meteorologiske tenestene, fortel Michelsen.